Kronisk sjukdom
Vaksne med fleire kronisk lidingar er definert nasjonalt som pasientgruppa med fleire kronisk sjukdomar (multimorbide/multisjuke). Den baserer seg på aktivitet i spesialisthelsetenesta og omfattar pasientar frå 18 år alder. Eit sentralt kriterium er at pasientar har mottatt behandling for kronisk liding (sjå Tabellen under) innanfor same kalenderår.

Helsedirektoratet, styringsinformasjon link til pdf med definisjonar.
Indikatoren i SB viser tal pasientar >18 år med tre eller fleire kroniske sjukdomar fordelt på minst tre ulike organsystem(kompleks multimorbiditet (3+). Den gir innsikt i pasientane sin bruk av helsetenester det aktuelle året samt utvikling over tid (forløpskurver).
Det er viktig å vere merksam på at pasienten ikkje kjem med i denne statistikken dersom han/ho ikkje har vore innom spesialisthelsetenesta i løpet av eit år. Dette .gjelder og pasientar som har fått behandling for den kroniske lidinga i kommunehelsetenesta. Det same gjeld pasientar på kommunale institusjonar (sjukeheimar etc.) som får behandling der i staden for i spesialisthelsetenesta. Andelane vil difor omfatte dei mest behandlingskrevjande med kronisk sjukdom.
Det reelle talet på personar som har fått diagnostisert kronisk sjukdom ein gong i livet vil nok difor vere noko høgare enn det vi finn i datamaterialet,
Indikatoren kan sjåast i samanheng med data for gruppa med skrøpelegheit som er basert på registreringar som er gjennomført i kommunane (IPLOS-registreringar).
Teknisk: Om ein pasient flytter i løpet av året vert vedkommande registrert i tilflyttingskommunen for å unngå dobbelt registrering på aggregert nivå.
På grunn av annonymiseringsteknikken i rapporten, vil antall som blir vist i rapporten kunne avvike litt frå antallet i datagrunnlaget.
Kjelde: NPR (Norsk Pasientregister)