Skrøpelege eldre
Skrøpelege eldre er ei av dei prioriterte pasientgruppene for helsefellesskapa i Noreg. Aldersgruppa 75 år og eldre er svært samansett og omfattar både robuste eldre og personar med omfattande og samansette helseutfordringar.Robuste eldre toler akutte påkjenningar om lag som andre vaksne, medan skrøpelege eldre har redusert reservekapasitet, større sårbarheit og ofte atypiske symptom som følgje av svekka organfunksjon og redusert evne til å oppretthalde fysiologisk likevekt. Vanlege kjenneteikn på skrøpelegheit inkluderer ufrivillig vekttap, redusert av muskelmasse og muskelstyrke, lågare ganghastigheit, eit lågt aktivitetsnivå og dei blir lett utmatta [1]. Skrøpelege eldre har generelt høgare bruk av både kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenester enn andre i same aldersgruppe.
Definisjon av utval
Skrøpelege eldre er definert som personar 75 år og eldre som har minst ei IPLOS-måling [2] i kommunale helse- og omsorgstenester med ein funksjonsverdi mellom 3 og 5 på minst eitt av dei ti områda i tabellen under.

I samsvar med Helsedirektoratets definisjon er funksjonsnivået inndelt i fire grupper:
- Noko redusert funksjonsnivå (score 2-9)
- Redusert funksjon (score 10-15)
- Dårleg funksjon (score 16-25)
- Svært dårleg funksjon (score 26-40)
Gruppe 3 og 4 er slått saman og utgjer kategorien "Skrøpelege" (fragile) som er utvalet for desse indikatorane.
Definisjon av indikatorar
Indikatorane viser pasientar i gruppa «Skrøpelege eldre», som har som har fått tilbod om kommunale helse- og omsorgstenester. Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR) inneheld totalt 22 ulike tenesteytingar. For å kunne vise robuste tal for flest mogleg kommunar har Samhandlingsbarometeret gruppert desse tenestene basert på to hovudkriterium; (1) volum av tenestebruk og (2) klinisk samhøyrsle mellom tenestene. Tenestegruppene gir slik ei oversikt over den samla bruken av ulike beslekta tenester i kommunen. Tenester med lite volum i pasientgruppa, og som ikkje naturleg høyrer saman med andre kommunale tenester, er ikkje publisert men inngår i det samla volumet av kommunale tenesteytingar («Alle tilgjengelege kommunale omsorgstenester»). For eldre med skrøpeligheit er dei øvrige kategoriane som følgjer:
Hele- og omsorgstenester i heimen:
- Helsetenester i heimen
- Praktisk bistand - daglege gjeremål
- Praktisk bistand - opplæring - daglege gjeremål
- Praktisk bistand - brukarstyrt - personleg assistanse
- Matombringing
Velferdsteknologi:
- Tryggleiksalarm
- Digitalt tilsyn
- Elektronisk medisineringsstøtte
- Lokaliseringsteknologi (GPS)
Korttids- og overgangstenester:
- Tidsavgrensa opphald - utredning/behandling
- Tidsavgrensa opphald - habilitering/rehabilitering
- Tidsavgrensa opphald - annet
- Kommunal øyeblikkelig hjelp - døgnopphold
- Dagopphold i institusjon
- Nattopphold i institusjon
Langvarige bustadtilbod:
- Langtidsopphold i institusjon
- Bolig som kommunen disponerer for helse- og omsorgsformål
Måltal
Indikatoren viser totalt tal tenester for gruppa skrøpelege eldre, samt prosentdel av det totale talet skrøpelege eldre.
Metodiske avklaringar og tolking
- Personar registrert i fleire kommunar i same år, blir tilordna den kommunen der siste helsekontakt er registrert, for å unngå dobbeltføring.
- Personar med ugyldig kommune nummer er ekskluderte.
- På kommunenivå blir det ikkje publisert tal for grupper med færre enn fem personar.
- Alle rader frå tabellen "Enkeltregning" i KPR-data som er knytt til pasient i det aktuelle året er med. Kun filtrering på "Tjenestetype".
- Tal for enkelte tenestegrupper bør tolkast i samanheng med tal for andre tenester og tal pasientar. Til dømes vil tal/andel brukarar av langvarige bustadtilbod vere styrande for tal/andel med heimebaserte tenester.
Datakjelder
Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR)
Referansar
[1] https://www.aldringoghelse.no/fysisk-helse/vanlige-sykdomsbilder-hos-eldre/skropelighet
[2] https://www.fhi.no/he/iplos-registeret/